Dokketeaterforestillinga Blåmann

Lørdag 10. november kl.12:00-12:45
Frogner skole og kultursenter
Frogner, SørumÅpne kart
kart
Dokketeaterforestiling ved Siw-Elena og Eirin Skinnemoen. Blåmann, blåmann bukken min er ein heilt ny barneframsyning om venskap og lengsel. Framsyninga byggjer på den kjende barnesongen med same namn, skriven av Aasmund Olavsson Vinje i 1860. Songteksten, melodien, blåmannsaktivitetar og informasjon om Aasmund Olavsson Vinje ligg på nett, slik at barnehagar, bibliotek og andre kan ha Blåmann som tema, både før og etter dokketeateret kjem. Å ha en besteven som alltid vil leike, tulle og tøyse, og som vekkjer deg når du søv, for å leike meir! Det er fint det! Det har Åsmund. Han og Blåmann er bestevener. Men ein dag blir Blåmann borte. Kva kan ha skjedd? Kanskje han kjem heim om vi syng? Åsmund diktar ein song til venen sin. Vil du vere med å synge? Songteksten, melodien, blåmannsaktivitetar og informasjon om Aasmund Olavsson Vinje ligg på nett, slik at barnehagar, bibliotek og andre kan ha Blåmann som tema, både før og etter dokketeateret kjem. Framsyninga Blåmann, blåmann bukken min er Folkeakademiet sitt bidrag til 200-årsjubileet for forfattaren Aasmund Olavsson Vinje, og satsinga Syng for livet! Medvirkende: Siw Elena Skinnemoen og Eirin S. Skinnemoen Musikk etter Anne Haavie