Gå til sidens hovedinnhold

Vaksine der mistilliten er total

Leserinnlegg

Vi har tillit til at regjeringspartia ikkje tuskar til seg vaksinar til sine eigne. Den tilliten manglar i eit land som Libanon.

Eg ser sjølvsagt fram til den dagen eg har fått vaksine. Men som 61-åring må eg berre stilla bak i køen, søkja ly på heimekontoret i skogkanten på Lørenskog og venta tolmodig. Personleg har eg ikkje noko å klaga over.

Alle lengtar vi etter dagen då mange nok av oss er vaksinerte. For då vil det meste vera over. Trur vi. Det vil det neppe vera. I alle høve ikkje for eit land som Libanon.

Libanon har godt over 300 000 smitta, med sterk smittevekst etter nyttår, og over 3 000 døde. Sjukehusa er svært pressa av covid-19, av pengemangel og av at fleire sjukehus vart øydelagde i eksplosjonen som la deler av sentrum i grus i august.

Fell får kvarandre
Eg har mange kjenningar i Libanon, eit land som er i ferd med å falla frå kvarandre. Pandemien er ei av krisene. Ei djup økonomisk krise er ei anna. Ei djup mistru til styresmaktene førte til store demonstrasjonar i gatene før pandemien.

Den katastrofale eksplosjonen i august førte til nytt raseri, og regjeringa måtte gå av. Landet vert styrt av eit veikt forretningsministerium.

Dei aller første vaksinedosane kjem midt i februar. Men sjukehusa har ikkje fått nokon plan. Ein artikkel frå Arab Reform Initiative fortel om legar som er urolege for rein politisering av vaksineringa. «Korleis og for kven?» Det spør forfattarane.

Vågar ikkje kommentera
Så sensitiv og politisk er vaksine-saka blitt at ein av dei eg kjenner i Libanon, ikkje vågar å bli sitert. Ein skriv at dei ber og håpar at helsepersonell i frontlina og dei mest sårbare blir prioriterte. Så legg vedkomande til: «Uavhengig av bakgrunn». Det er ikkje sjølvsagt i Libanon.

Dei mektige er framleis krigsherrar frå borgarkrigen (1975-1990). Regjeringa har sagt at alle skal få vaksine, utan omsyn til nasjonalitet. Men folk frå president Michel Aouns parti har argumentert for at vaksinane skal gjevast «berre til libanesarar». Dette har fyrt opp ny nasjonalisme og framandfrykt. Det er djupe spenningar mellom mange utarma libanesarar og halvannan million syriske flyktningar.

Forretningsministeriet har inngått avtale om 2,1 millionar dosar Pfizer-dosar. Dei første dosane er no varsla i midten av februar. Landet har også ein avtale med den globale Covax-alliansen. Så langt har Libanon fått løfte om vaksinedosar til maksimalt halve folket.

Manglar folketeljing
Eit land må vita kor stor flokken som skal få immunitet, er. Det veit ikkje Libanon. Landet har ikkje hatt folketeljing sidan 1932. Overslag over folketalet varierer frå 4 til 9 millionar. Verdsbanken brukar talet 6,8 millionar og reknar då med 1,5 millionar flyktningar frå Syria. Landet husar også 175 000 palestinarar. Fjerdeparten av folket i Libanon er altså flyktningar.

Men ei ny folketeljing vil forstyrra det politiske systemet. Dei viktigaste posisjonane i Libanon har, sidan Frankrike takka for seg som kolonimakt, vore fordelt mellom dei største religiøse retningane: Sunni-islam, sjia-islam, maronittane og dei gresk-ortodokse kristne.

Det sekteriske systemet blei ikkje minst laga for å sikra kristne posisjonar, men er blitt eit korrupt system der gamle krigsherrar sikrar seg og sine. Arab Reform Initiative tek til orde for å telja folket utan å registrera religion. Men dette er altså storpolitikk. Og no må landet akutt finna andre måtar å skaffa seg presis oversikt.

Ventar i uro
For libanesarane og flyktningane ventar i veksande uro. Mistilliten er total, med ein politiske elite som har vist at dei veit å prioritera sine eigne.

Ein av våre partnarar i Libanon tek for sin del bladet frå munnen. Elie Al Hindy i Adyan-stiftinga seier det rett ut:

«Covid-krisa reflekterer total mangel på tillit. Det libanesiske folket har mista tilliten til den styrande eliten. Og same kor mange forsikringar dei får, har folk ikkje tillit til at regjeringa vil levera. Det libanesiske folket må bli modig nok til å ta saka i eigne hender, gjera det skiftet som må til, få slutt på korrupsjonen, halda politikarane ansvarlege og føra ein meir profesjonell, transparent og kompetent elite til makta.»

Til dei som trur alt er over når nordmenn flest er vaksinerte: Velkommen til Libanon. Kjenningane mine i Libanon har grunn til å misunna oss. Libanons problem er heller ikkje berre libanesarane sitt.

Det er vårt også. Dette er ikkje over.

Johannes Morken, Redaktør i Stefanusalliansen, Lørenskog

Kommentarer til denne saken