Gå til sidens hovedinnhold

«Sjølv om koronaen gjer alt annleis, er sola framleis varm, snøen er våt, sjokoladen god og appelsinen saftig»

Leserinnlegg

Eg vaks opp i ei lita fjellbygd, som mange andre i Valdres. Bygda vart kalla Rupebygda når nokon ville erte oss. Den gong var det ikkje brøyta lenger enn til Vaset seter, altså øvst i bygda. Så gjekk skiløypene innover Svedalen og ein kunne gå heilt til Gomobu. Det gjorde vi som skoletur ein gong. Det syntest eg var langt, eg var aldri god på ski.

Heime hjå oss fekk vi ofte besøk av tanter i feriane. Mor mi hadde mange systrer og ei av dei var lærar, nei forresten, ho var nok lærarinne! Ho var munter og artig med raudblonde krøller og ho skapte liv i huset. I påska tok til og med far min seg litt fri og var det fint vêr, gjekk vi til Vaset Seter. Bror min og eg hadde fine, heimestrikka genserar og mor og far min hadde vindjakke og strekkbukse. Vi gjekk ikkje på ski, vi gjekk bilvegen opp bygda. Kanskje hadde vi spark, men oftast var jo vegen litt opptint i påska, så spark nytta ikkje heller.

Det kom ein og annan bil forbi, gjerne med ski på taket og mykje bagasje. Det hende nokon stoppa og spurde etter vegen til hytta dei skulle på. Far min var god på kjaften og svara gjerne noko tull. Vi fnisa, mor mi retta på han og tante Ragna slo om til bymål. Kanskje kom det bygdafolk i bil også som stoppa og prata litt. Det var ikkje så mange som hadde bil, så vi møtte helst folk til fots.

Målet for turen var Vaset seter og kaféen der. Ikke ofte vi var på kafé, så det var eit flott og etterlengta mål. I kaféen var det varmt, med smelta snø på golvet og gjerne nokon mannfolk som drakk øl. Det var ei luke på veggen du kunne bestille gjennom. Vi fekk Solo og mjølkesjokolade og dei vaksne drakk kaffe. Far min kom gjerne i prat med alle han møtte og det vart muntert rundt oss. På veggen hang eit slikt spel der du kunne putte inn ein tiøring, gje den eit lite dytt og håpe at den datt ned der det berre mangla ein mynt på at det var fullt. Då rasa nemleg alle dei myntane ut og du var rik!

Det vart fort varmt inne på den kaféen og vi barna gjekk gjerne ut og kasta snøball eller såg på turistar. Så gjekk vi heim. Det rare er at eg hugsar ikkje heimturane så godt, då var nok spenninga over. Eg hugsar det var sol, at vi vart smurte med Nivea og at vi kanskje tok ein kvil på ei mjølkerampe og et appelsin. Eg ser for meg bilvegen med sølepyttar og våt, gamal snø. Ullvottane vart våte og solbrillene glei på den solkremklissete nasen. Så var påsketuren over.

No lever vi eit nedstengt land. Alt sosialt og offentleg er avlyst. Vi kan ikkje dra på kafé. Heile Vaset Seter er rive ned og borte. Svært få familiar går påsketur langs bilvegen, det er for mange bilar der. Kan ein likevel overføre noko av stemninga frå 50- og 60-talet og dra nytte av det no i koronapåska 2021? Kanskje at det går an å gjera det enkelt og gamaldags. Du kan late som du ikkje har bil. Berre gå ut der du bur, til ein skog eller park eller jorde. Naturen er heldigvis nært på i Norge dei fleste plassar. Ta med Solo, appelsin og mjølkesjokolade. Om du er skikkeleg modig, legg du att telefonen heime. Smør deg med solkrem og ta på solbriller. Eg vil tru at både barn og barnebarn hadde likt å koma ut. Du må halde saman med kohorten din og ikkje klenge deg innpå dei du møter. Så kan du tenke på då du var liten sjølv og gjerne fortelja dei minste i flokken din om det. Sjølv om koronaen gjer alt annleis, er sola framleis varm, snøen er våt, sjokoladen god og appelsinen saftig. Sjølv om det er korona, er det framleis skiftande årstider, frisk luft og turglede! Sjølv om det er korona, er det heldigvis håp!

Kirsten Inga Kamrud, Lørenskog

Kommentarer til denne saken