Gå til sidens hovedinnhold

Pinlig norsk vaksine-nasjonalisme

Leserinnlegg

Eg har enno ikkje våga å fortelja venene mine i Irak at norske politiske parti meiner at Noreg sjølv skulle teke 700 000 vaksinedosar som gjennom Covax-alliansen i staden vart fordelt på fattige land.

Mange nordmenn har vore misnøgde med farten i vaksineringa. Men lat oss for ei lita stund snakka om Irak. Først 25. mars fekk Irak endeleg 336 000 dosar gjennom Covax-samarbeidet – ein månad etter planen.

Medan vaksineringa av vaksne her i landet vil kunna vera ferdig i sommar, er utsiktene i Irak dystre. Ved slutten av året vil berre femteparten av folket vera vaksinert. Dersom den alt forseinka planen held.

Like bak oss ligg påskehøgtida. For den vesle, pressa kristne minoriteten i Irak har feiringa av Jesu oppstode mykje større meining enn for mange nordmenn. I år kunne Iraks kristne feira med forsterka håp. Pave Frans gav under besøket i mars styrke til dei få kristne som er att etter amerikansk invasjon, borgarkrig og IS-bestialitet. Han kom også med ei sterk oppmoding til Iraks regjering om å gje plass for dei religiøse minoritetane og skapa fred på tvers av religionar.

Iraks kristne har lenge kjent seg gløymde av Vesten. Paven tok dei for ei stund ut av denne fortvilte tilstanden. Men Vesten er rask til å gløyma kven det skal vera, når noko står på spel på heimebane. Også norske politikarar, med eller utan kross om halsen, stod altså klare til ved første høve å seia at nordmenn burde fått vaksinedosar som var tiltenkte folk i fattige land.

Då Iraks kristne kvart år ønskjer kvarandre god påske, legg dei alltid stor vekt på bøna om fred. Vi på vår side av kloden bør kvar dag be om fred og om solidaritet og nestekjærleik over landegrensene.

Her om kveld fekk eg sjølv melding frå Lørenskog kommune om at det var min tur til på bli vaksinert. Like etterpå kom kontrabeskjeden – meldinga var sendt ut ved ein feil. Eg må venta litt til, slik eg var innstilt på før den første tekstmelsinga kom. Ein nedtur, sjølvsagt, men eg var jo innstilt på at min tur ikkje kom enno.

Eg klarar ikkje å irritera meg over feilen. Like før hadde eg snakka med kontaktar som frå eit land i Midtausten hjelper folk i Jemen med mat. Jemen er av FN er kalla verdas verste humanitære katastrofe. Landet fekk dei aller første vaksinedosane 31. mars.

Virus kjenner ingen landegrenser. Då må heller ikkje solidariteten gjera det.

Johannes Morken, Redaktør, Lørenskog

Kommentarer til denne saken