Gå til sidens hovedinnhold

På desperat flukt frå Afghanistan

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dei er desperate. Både kvinner og kristne huskyrkjer har grunn til å frykta Taliban i Afghanistan. Eg har fått følgja panikken på avstand, men likevel tett.

Då Taliban tok makta første gongen, i 1996, var den bestialske signaturen den lemlesta presidenten som Taliban hengte opp i ein lyktestolpe i Kabul. Kvinner vart tvinga inn i burka. Tjuvar fekk hendene kappa av. «Vantruande» levde svært utrygt.

Då regjeringa i Afghanistan fall saman som eit korthus i august, steig frykta og desperasjonen.

Vi har folk som vi samarbeider med i Sentral-Asia. Usbekistan og Tadsjikistan har Afghanistan som nabo i sør. Andre av våre støttespelarar har i fleire tiår arbeidd for å hjelpa forfølgde kristne i Iran, Afghanistans naboland i vest.

Felles er at dei har nettverk også over grensa til Afghanistan. Slik fekk eg følgja panikken på lang avstand, men sterkt formidla av folk vi kjenner.

Minoritet og konvertitt

Ali er afghanar av hazarafolket, ein stor etnisk minoritet som Taliban og det dominerande pashtunfolket diskriminerer og forfølgjer, også fordi hazarafolket er sjiamuslimar, medan pashtun er sunni-muslimar.

Ali har dessutan konvertert frå sjia-islam til kristen tru og er registrert som digital student hos eit teologisk opplæringssenter som Stefanusalliansen støttar.

Senteret, med base i London, lærer opp leiarar i undergrunns-kyrkjer i Iran. Også nokre afghanar som leier huskyrkjer, er studentar. Huskyrkjene av folk som har konvertert frå islam, må leva i skjul. Konvertering er livsfarleg.

Då Taliban tok makta, ringte Ali i panikk til senteret i London. Han trygla om forbøn, både som hazara og konvertitt, og om hjelp til å koma seg ut av landet.

Men sjansen for å få plass på eit vestleg transportfly frå Kabul var minimal. Ali la i staden i veg i retning Pakistan i aust. Men før grensa vart han bryskt stoppa.

I helga kom ny beskjed: Ali og ei gruppe andre kristne hadde nådd Pakistan. Jubelen var overveldande. Ali kalla det heile eit mirakel.

Andre kristne som vi får rapportar om, gøymer seg. Dei set fyr på kristne bøker og anna materiell som vil avsløra dei som «vantruande» dersom Taliban bankar på døra.

Dei kristne er livredde for at dei nye makthavarane har fått tak i oversikt over kven som er kristne konvertittar.

Livredd mor til fem jenter

Livredd er også fembarnsmora Nafasgul i storbyen Mazar-e-Sharif. Ho er også av hazarafolket. Nafasgul er sjia-muslim som har fått sans også for kristen tru etter å ha arbeidd i fleire år i ein kristen humanitær organisasjon.

Då Taliban byrja å ta makta i provins etter provins, sette skrekken seg. Dei to eldste døtrene er 15 og 21. Eit flygeblad frå Taliban fortalde at jenter over 15 – og enkjer – ville bli gifta bort til Taliban-krigarar.

Nafasgul vart som altfor ung sjølv gifta bort til ein mann som var 15 år eldre enn henne. Far hennar trengde pengane han kunne få ved å gifta bort den pur unge dottera som no er blitt 38.

No kjempar Nafasgul for ei anna framtid for døtrene enn det livet ho sjølv fekk. Dei skulle få utdanning og arbeid – og få velja ektefelle. Men med Taliban ved makta var marerittet tilbake.

Ved ei lukke hadde den eldste dottera fått plass på eit indisk college. Dagen før Taliban nådde Kabul, kunne den unge jenta på 21 setja seg på eit fly ut av landet. For ei tid er ho trygg.

Djup frykt, mørk depresjon

Nafasgul fekk pengehjelp utanfrå og søkte om pass då Taliban-felttoget starta. Men då fembarnsmora nådde Kabul for å henta pass, var alle offentlege kontor stengde: Taliban nådde hovudstaden før henne.

Nafasgul er redd også av ein annan grunn – ho er den som skaffar familien eit levebrød. Mannen er sjuk og kan ikkje arbeida. Dersom Taliban nektar kvinner å arbeida også denne gongen, vil svolten truga familien.

Nafasgul kjenner kampen mot Taliban på kroppen – som frykt og mørk depresjon.

Mirakelet som ikkje kom

Nokre dagar før dei internasjonale styrkane måtte avslutta evakueringa, tok Nafasgul familien med i eit desperat forsøk på å nå flyplassen i Kabul. Ho håpa på eit mirakel – plass på eit fly. Men på vegen vart dei stogga av Taliban som nekta alle andre enn utlendingar å passera.

Sist helga prøvde Nafasgul å nå flyplassen i heimbyen Mazar-e-Sharif i nord. Men Taliban stogga dei også her. Grensa mot Pakistan er dessutan stengt igjen for slike som henne.

Dersom Ali eller Nafasgul og døtrene skulle banka på den norske døra, bør ingen seia at den døra er stengt.

Johannes Morken, Redaktør, Lørenskog

Kommentarer til denne saken