Du kan tape store beløp hvis du ikke sjekker dette

Myndigheitene har ingen kontrollrutiner for å undersøke om arbeidsgivar har oppretta pensjonsordning og betaler inn riktig beløp.

Myndigheitene har ingen kontrollrutiner for å undersøke om arbeidsgivar har oppretta pensjonsordning og betaler inn riktig beløp. Foto:

Av

Arbeidsgivarar er lovpålagt å opprette pensjonsordning for dei tilsette. Men du må ordne opp sjølv, om bedrifta ikkje betaler inn.

DEL

(frifagbevegelse.no)88 ansatte i Trondheims-bedrifta Reinertsen står no i fare for å tape store pengar til pensjon etter at bedrifta vart slått konkurs i desember i fjor. Det viser seg at bedrifta ikkje betalte inn pengar til pensjonsordninga, skriv adressa.no.

Reglane for innbetaling av pensjon legg mykje ansvar på den enkelte tilsette. Om du ikkje følger med, kan du tape store pengar.

Jobbar du i ei bedrift som har obligatorisk tenestepensjon? Da kan det vere lurt å sjekke om bedrifta faktisk betaler inn til den framtidige pensjonen din, og om den betaler riktig beløp.

Finanstilsynet opplyser at pensjon er eit «privatrettsleg forhold». Det betyr at innbetaling til den framtidige pensjonen din er eit forhold mellom deg og arbeidsgivar. Det betyr at du må ordne opp sjølv.

Myndigheitene har heller ingen kontrollrutiner for å undersøke om arbeidsgivar har oppretta pensjonsordning og betaler inn riktig beløp. Det må du sjekke sjølv.

«Eit privattrettsleg forhold»

I dag er alle selskap over ein viss størrelse lovpålagt å opprette ei pensjonsordning for dei tilsette.

Finanstilsynet har avgrensa makt på dette feltet. Tilsynet kan pålegge arbeidsgivaren å opprette pensjonsordning og gi dagbøter om det ikkje skjer. Men der stoppar også tilsynet si makt.

Slik forklarer finansministeren dette i eit ferskt svar til Arbeiderpartiet: «Finanstilsynet kan imidlertid ikke pålegge arbeidsgiver å betale inn manglende innskudd. Dette er et privatrettslig forhold som arbeidstaker selv må følge opp overfor arbeidsgiver,» svarer finansminister Siv Jensen (Frp) til stortingsrepresentant Siv Henriette Jacobsen (Ap).

Når pensjonsordninga er oppretta, er det forsikringsselskapet som administrerer ordninga. Men forsikringsselskapet er avhengig av at arbeidsgivar oppgir riktig informasjon om inn- og utmeldingar og om lønsnivået til kvar enkelt tilsett.

Myndigheitene har ingen løpande kontroll med at bedriftene melder inn tilsette og opplyser om rett løn. Forsikringsselskapet har heller ikkje rapporteringsplikt til Finanstilsynet om informasjonen er feil eller manglande. Dette må du altså sjekke sjølv.

Slik sjekkar du

Forsikringsselskapa har etablert nettbaserte løysingar som gjer det mogleg å sjekke status for innbetalingar og kva lønsnivå arbeidsgivar har rapportert inn til forsikringsselskapet, opplyser Finanstilsynet.

Landets største bank, DNB, stadfestar at dei har ei slik løysing. Der kan ein logge seg inn i nettbanken og til ein kvar tid sjekke inbetalingar til pensjonsordninga. Ein kan også sjekke kva lønsgrunnlag som pensjonen er basert på, fortel Andreas Nyheim, kommunikasjonsrådgivar i DNB.

Om ein ikkje er personkunde hos banken, kan ein kople seg på gjennom sin eigen bankforbindelse.

– Vi opplever at det er omtrent same løysing som finst i resten av bransjen, seier Nyheim. For tilsette i offentleg sektor er pensjon ein del av tariffavtalen eller lovfesta. Obligatorisk tenestepensjon gjeld berre verksemder i privat sektor. Det er derfor ekstra viktig for tilsette i privat sektor å sjølv sjekke om det blir betalt inn pensjon frå bedrifta. (ANB)

Artikkeltags