Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Ikkje det at eg ikkje ser fordelar med Facebook, men då må det brukast med det formål å opplyse folk med fakta som er etterretteleg og som har grobotn i verkelegheita.
Mange har sagt til meg at Facebook er eit viktig fora for informasjon om kva som skjer og eit medie til å organisere kvardagen, til det har eg svart at eg har både kalendrar og eit snakketøy som fungerar! Eg vil heller prate med folk, det kan att på til resultere i eit smil og positiv energi!
Stort nettverk
Videre er det nødvendigvis ikkje slik at det er den som har henta informasjonen sin frå Facebook som er best opplyst, ei heller rett opplyst! Til det krever det at skribenten er både ærleg og etterretteleg i si framstilling av saka.
Heldigvis har eg eg eit stort nettverk, mange av dei nettverket er venar – personlege venar som vil meg vel og mange av dei er på Facebook, so eg får via dei ein del informasjon om kva som skrives. Ut frå dei tilbakemeldingane eg har fått dei siste dagane om korleis enkelte svertar sine politiske kollegaer i Nannestad via Facebook, forvrenger politiske prosesser og tilegner folk agendaer dei ikkje har – jå då må eg sei eg vert skuffa over kva eg høyrer!
Kjenner meg ikkje att
Her vert folk anklaga for personforfølging, forsuring av det politiske klimaet, samt bygge opp under politikarforakt – eg må sei dette er påstandar om det politiske miljøet i Nannestad eg ikkje kjenner meg att i og som eg tar stor avstand frå!
I sit kommunestyre berømma ordførar Hans Thue det gode politiske samarbeidet og klimaet på tvers av partiet og blokker i Nannestad og kalla det unikt, samanlikna med korleis det var i andre kommunar – den uttalinga stiller eg meg bak, for slik er det i Nannestad.
Politikk og person
Naturleg nok er me ikkje samde i alt, det skal me heller ikkje være – men det er eit stort og viktig skilje mellom politikk og person, og der skal me halde oss for gode til å så mistanke om andre i sosiale media!
I Kommunestyret går debatten for open mikrofon og kamera, der må ein stå for det ein seier – på bla. Facebook slepp ein lettare unna ytringane sine, men dei kan være svært øydeleggande både for seg sjølv og andre om innhaldet ikkje speglar sanninga!
Godt val!
Karl Arne Leivestad, ordførerkandidat, Nannestad Senterparti