Born sine rettigheiter er ikkje viktig. I alle fall om ein skal lese ut frå lokalpolitikarane sine prioriteringar.

Det er kanskje å sette det på spissen, men når det gjeld tilbod om profesjonell kunst og kultur for dei aller minste så er det dessverre ein realitet. Men, det er ein rettigheit borna har! Dette er nedfelt både i FNs barnekonvensjon, i rammeplanen til barnehagar og vedtatt på stortinget gjennom kulturmeldinga.

Dei aller fleste er einig om at kunst og kultur for dei aller minste er viktig, men i harde forhandlingar og tronge kommunebudsjett blir ting naturleg nok vege opp mot kvarandre. Kva er mest viktig: Teater i barnehagen for lille Fillip eller spesialpedagog til lille Maja? Det er ingen som har problem med å forstå at ein då prioriterer vekk det som er å rekne som «pynt på kaka», og ikkje livsviktig.

Men, det er heilt feil å halde det eine opp mot det andre. Det kan rett og slett ikkje samanliknast. Begge er like viktig, på kvar sin måte.

«Gøy og fint»

«Kunst og kultur er både gøy og fint, men også livsviktig». Dette er eit sitat frå eit intervju med kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen, i Bergens Tidende 30. oktober 2021. Ministeren viser til teaterførestillinga «Gummi-Tarzan» som ho såg som born, og relevansen den fekk for ho, der ho var i sitt liv.

Og ja, vi er sjølvsagt heilt eining, det kan for nokon vere livsviktig. Teater som form har ei unik evne til å skape eit felles rom for refleksjon, og for born kan dette vere ein inngong til å snakke om ting som opptek dei. Ved at alle får erfare det same, blir kjensla av fellesskap og felles referansar styrka.

Unge Viken Teater har i fleire år gitt tilbod om profesjonelle teaterførestillingar utvikla spesielt for born i barnehagealder, i tett dialog med borna sjølv og pedagogar. Vi inviterer born inn i prosessen frå første stund, for å sørge for at førestillingane er godt forankra i målgruppa og resonnerer i vårt «lille» publikum. Borna er vårt hjarte, vårt nav og kjelde til inspirasjon, og våre viktigaste konsulentar og ekspertar.

Denne måten å jobbe fram førestillingane på gjer at det som møter dei er gjenkjenneleg, resonnerer i dei og introduserer dei til kva teater kan vere.

«Dette må vi ha mer av i norske barnehager. Skuespillernes evne til å fange barnas oppmerksomhet med nonverbal kommunikasjon var en inspirasjon for oss alle. Fokuset på denne typen kommunikasjon la til rette for at alle barn, uavhengig av språklig utvikling, fikk et positivt utbytte av teateret. Barna fikk en felles opplevelse som vi ansatte i ettertid kan bruke som et pedagogisk verktøy til å skape hverdagsglede, utvikle egen kultur og det jeg synes er noe av det viktigste i barnehagen: Det å være en del av et fellesskap.

Jeg håper virkelig at dette blir en større del av Lillestrøm kommune og at andre barnehager ser like stor verdi i teateret som vi gjorde.» (Daglig leder i Sennerud FUS bhg., Sørumsand, Lillestrøm)

"Borna blir sett, erfarer og sansar det same, og det oppstår eit unikt fysisk møte mellom borna og kunsten. Eit møte som vil vere i konstant endring, i møte med kvart enkelt publikum.

Unge Viken Teater tilbyr ein avtale med kommunane om leveranse av to teaterførestillingar i året til ein sterkt subsidiert pris. Nettopp for at det skal vere mogleg å gjennomføre innanfor tronge kommunebudsjett. Til gjengjeld får alle barnehagar i desse kommunane tilgang til profesjonelle teaterførestillingar som er spesielt utvikla for aldersgruppa og tilpassa barnehagen som arena.

Gjennom å besøke borna der dei er, får dei eit første møte med teateret i trygge og kjente omgivnadar.

Ikkje alle born har vore på kino og teater

Gjennom Teater i barnehagen når vi nesten alle born i ein kommune, uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn eller kvar enkelt barnehage sine prioriteringar.

«Hadde vi hatt økonomi ville vi hatt forestilling hver måned. Barn trenger dette veldig. Både kjente forestillinger vi kan forberede oss til og ukjente, uten og med lyd/språk. Viktig med forestillinger som har innhold vi personale ikke klarer å gi, ei heller TV og iPad. Slik som Fabelflakseren.» (Valstadtoppen bhg.)

Teater er eit fysisk møte, her og no, og involverer alle sansane. Det fysiske møtet kan ikkje erstattast av digitale medier som TV og iPad som omgir oss og våre barn i store deler av kvardagen. Men kanskje det viktigaste av alt er at utøvarane er i direkte kontakt og dialog med borna. Borna blir sett, erfarer og sansar det same, og det oppstår eit unikt fysisk møte mellom borna og kunsten. Eit møte som vil vere i konstant endring, i møte med kvart enkelt publikum.

TV eller iPad kan aldri oppnå den same kontakta. Det er ikkje mogleg.

Ungar i barnehagar over heile Viken står no i fare for å miste eit unikt tilbod som er utvikla spesielt for denne aldersgruppa, med profesjonalitet i alle ledd. Eit tilbod som allereie er sterkt subsidiert, nettopp for å nå ut til alle born uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn.

Kjære lokalpolitikar – grav litt djupare i lomma!

Kostnaden ved eit slikt kutt handlar ikkje berre om pengar, men om å ta frå borna den same moglegheita til felles undring, refleksjon og utvikling som menneske.

Dessverre så ser vi gong på gong at kultur er noko av det første som blir kutta når det kjem til prioriteringar. Det er ikkje rekna for å vere viktig nok.

Men kultur er både helsefremjande og utviklande. Og for monge er det livsviktig. Ikkje berre for kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Kari Ramnefjell | Teatersjef, Unge Viken Teater